Westerland er ei remonterande buskrose som er motstandsyktig mot sjukdom og har ei nydeleg roseduft. Ho kan bli opp til 2-3 meter og ikkje så vid, om ein ikkje klipper ho mykje tilbake, og kan dermed fungere som ei klatrerose.

Med markdekkande stauder sparer ein seg for mykje arbeid. 

Storkenebb er ein takknemleg staude. Den finst i mange ulike sortar,  i lilla-, rosa- eller blåtonar. 

Snøklokkene er dei første som kjem, allereie i januar/februar, og ein månad seinare kjem krokusen. Om ein planter dei i plenen har ein eit fint og naturleg bed før plenklipping startar.

For å skape spenning i ein hage kan ein lage rom, små eller store, slik at ein ikkje ser heile hagen med ein gong. Eller ein kan som her, plassere ein benk litt skjult. 

Leonardo da Vinci. Remonterande og kraftig klaserose. 50-60 cm høg og toler godt regn.

Blomstertips for pollinerande insekt: blomstermeny.no 

Ulike former skaper liv i hagen. 

Også fargar skaper liv. Ein kan velgja kontrast- eller komplementærfargar for å framheve dei enkelte plantene, eller skape harmoni ved å velgje ein farge, gjerne i ulike nyansar.

Sølvarve. Ved å gjere eit søk på Internett finn ein mykje informasjon om svartelista planter. 

Små områder, og områder i hagen med lite sol, kan vera utfordrande å få til.

Her er lagt likt dekke over det heile for å skape ein illusjon av større areal, og planta vertikalt. 

Utløparen på jorbærplantene kan ein godt klippe av då den tek næring frå planten. Om ein klipper desse av og planter dei får ein fleire planter som ikkje treng stå så tett.

Akeleier toler skugge. Andre fargerike planter som klarer seg utan mykje sol er Småhjerte, Storkenebb, Astilbe, Narsisser, Rhododendron og Klematis.

Eit tips til liten hage er at ein held seg til færre plantesortar og at samme planter går igjen i fleire bed.

Frå grus - 

Å bruke litt tid på planlegginga kan spare både rygg og lommebok.

- til hage.

Her er kjøpt ferdige trappetrinn og kantstein som held jorda på plass i beda langs husveggen. Under grusen er det lagt duk for å hindre ugras.

Ein dam treng ikkje vera stor eller vanskeleg å laga. Denne er laga med stein funne i hagen. 

www.oppdragfuglekasse.no gir råd om fuglekassar.

Pinnsvin liker seg i hekkar, buskas, bak vedstablar og i lauv, og gjer ikkje skade i hagen. 

Ein kan få hyggeleg besøk i hagen om ein legg til rette for det. 

Hageinspirasjon kan ein få både i små private hagar og store parkar. Her i baronihagen i Rosendal som også har ein rosehage og ein nyttehage.

Flor og Fjære på øya Sør-Hidle utanfor Stavanger er verdt eit besøk.

Parken Moldegaard i Os har også ein stor steinhage.